fredag 26. februar 2010

Blogg som logg

Elevar som er ute i arbeidslivet i praksisplass eller utplassering treng tett oppfølging for å få godt utbytte av denne type opplæring. Det kan vere vanskeleg å møte elevane ofte nok i denne forma for opplæring og særleg dersom ikkje alle er utplassert på same tid.
På bygg- og anleggsteknikk har ein testa ut blogg som logg i utplassering med gode resultat. Dei bruker Fronterdokument og eleven skriv logg frå kvar dag medan lærarane kommenterer kvart innlegg. Elevane bruker samansette tekster med både tekst, bilete og video.
Resultatet så langt er positivt. NB Det er svært viktig å øve på liknande loggar før utplassering.

4 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Vi brukar logg på TIP og. Elevane lagar logg over arbeidsoppdrag/oppgåver dei utfører i verkstad eller ved utplassering. Loggen er gjerne eit tekstdokument med bilete og teikningar som vert lagra i Fronter. Lærar kommenterer. Spørsmålet er om det kan vere endå meir attraktivt å opprette Blogg....meir fancy?

    SvarSlett
  3. Er dette lukka bloggar eller opne bloggar? Eg tenkjer litt på om elevane er kritiske nok i det dei legg ut som blogg. Det er tross alt meir "offentleg" enn ein logg mellom ein lærar og ein elev.

    SvarSlett
  4. Blogg som logg er noko som vil komme meir trur eg. Skal bloggen vere open er det viktig at ein brukar tid saman med elevane og snakkar gjennom kva ein skriv og ikkje skriv på blogg. Sleivspark til bedrifter og personar som har ansvare for ein er ikkje noko særleg å få trykk ofentleg.

    SvarSlett