tirsdag 16. mars 2010

Innlevering

No er eg klar til å levere arbeidskravet om sosiale media. Eg har blogga litt og laga ei nettvibes - side. Lenkja til netvibsen min erhttp://www.netvibes.com/krisol



Eg har her to linkar til bloggar eg har kommentert. Berre Magne er på mi gruppe. http://bloggmagne.blogspot.com/ I tillegg har eg kommentert Jill sin blogg.http://jillsinblogg.blogspot.com/

tirsdag 9. mars 2010

Slettmeg.no - nyttig side for mange

Datatilsynet hat oppretta ei side som gir råd til folk som meiner seg misbrukt med falske profilar, usanne opplysningar osv. Sida heiter http://www.slettmeg.no/ . Her får ein råd om kva ein kan gjere for å rette opp og fjerne opplysningar som ikkje høyrer heime på nettet.

søndag 7. mars 2010

Pedagogisk IKT-strategiplan for fylkeskommunen

Første utkast til IKT plan for fylket er no ute til gjennomlesning. Strategiplanen er har ein tidshorisont på to. Det betyr at vi er midt inne i første året allerede. Planen har fem hovudmål:

1. Vi har etablert ein læringskultur der digitale hjelpemiddel er med og aukar læringsutbyttet.
2. Vi har ei opplæring med basis i ei felles LMS der IKT er ein naturleg og integrert del av opplæringa.
3. Vi har fjerna digitale skille i skulen
4. Vi har gjort oss nytte av den teknologien som finst
5. Skulen er i stor grad prega av ein delingskultur.

Her er det litt å ta tak i - ikkje minst på opplæring og like utfordrande kan det vere med delingskulturen. Ser at ein tenkjer seg å bruke e-pedagogane ein del ...


No er søknadsfristen ute og dette vil ha mykje å seie for neste skuleår. Klassar blir oppretta og andre forsvinn.


For dei som ynskjer å sjå søkjarstatistikk for neste skuleår så bruk denne linken: http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/$all/4F92408808512593C1257234006C1388?open&qm=wcm_1,8,12,0

fredag 26. februar 2010

Blogg som logg

Elevar som er ute i arbeidslivet i praksisplass eller utplassering treng tett oppfølging for å få godt utbytte av denne type opplæring. Det kan vere vanskeleg å møte elevane ofte nok i denne forma for opplæring og særleg dersom ikkje alle er utplassert på same tid.
På bygg- og anleggsteknikk har ein testa ut blogg som logg i utplassering med gode resultat. Dei bruker Fronterdokument og eleven skriv logg frå kvar dag medan lærarane kommenterer kvart innlegg. Elevane bruker samansette tekster med både tekst, bilete og video.
Resultatet så langt er positivt. NB Det er svært viktig å øve på liknande loggar før utplassering.

torsdag 25. februar 2010

Sosiale møteplassar på nettet.

På vurderingskonferansen i haust fekk eg ei lita aha-oppleving av kor nyttige sosiale medier som bloggar og sider som "delogbruk" kan vere. På konferansen sat ein av deltakarane og skreiv notatar og la ut i bloggen sin slik at vi andre kunne bruke den til etterarbeid. For meg var dette mykje betre enn å få tilsendt ein Powerpoint i ettertid.http://evabra.wordpress.com/2009/09/18/liveblog-impulskonferansen-samarbeid-og-vurdering-i-den-digitale-skolen/
På same konferansen var Ingrid Kjøl Wiig som starta sida del og bruk.http://delogbruk.ning.com/ Sida er tenkt som eit ressurssenter for lærarar som ynskjer å dele med andre det dei produserer og bruke andre sine opplegg i si undervisning.
Eg ynskjer kommentarar på kva erfaringar andre har gjort seg og døme på bloggar eller liknande.

torsdag 11. februar 2010

Oppstart


Er på gang no. Eg prøver å legge inn lenkjer( Øyrane vgs), bilete og videoar. Dette ser ut til å funke. Håper at dei er mogledg å finne att når dei blir lagt ut på nettet.
Videoen er ikkje kvalitetsikra :)