torsdag 25. februar 2010

Sosiale møteplassar på nettet.

På vurderingskonferansen i haust fekk eg ei lita aha-oppleving av kor nyttige sosiale medier som bloggar og sider som "delogbruk" kan vere. På konferansen sat ein av deltakarane og skreiv notatar og la ut i bloggen sin slik at vi andre kunne bruke den til etterarbeid. For meg var dette mykje betre enn å få tilsendt ein Powerpoint i ettertid.http://evabra.wordpress.com/2009/09/18/liveblog-impulskonferansen-samarbeid-og-vurdering-i-den-digitale-skolen/
På same konferansen var Ingrid Kjøl Wiig som starta sida del og bruk.http://delogbruk.ning.com/ Sida er tenkt som eit ressurssenter for lærarar som ynskjer å dele med andre det dei produserer og bruke andre sine opplegg i si undervisning.
Eg ynskjer kommentarar på kva erfaringar andre har gjort seg og døme på bloggar eller liknande.

4 kommentarer:

  1. SÅ FINT KRISTIAN, NO ER DU I GANG...STÅ PÅ!

    SvarSlett
  2. Eg og les ein del bloggar for å få tips og inspirasjon i jobbsamanheng. Eg føl ma bloggen til Marita Aksnes. http://lektoraksnes.blogspot.com/ Ho er norsklærar og skriv ma lærestoff for ndla.no . Har fått ein del tips om vurdering og retting der, kanskje noko du og vil synes er nyttig.

    Elles har eg komme over fleire sider om vurderingskriterium, ma denne bloggen http://lektorlaastad.blogspot.com/. Skriftlege systematiske vurderingskriterium har eg ikkje prioritert å lage til elevane mine, men eg kjenner på at det er noko eg bør. Tidkrevjande, men eit arbeid ein heilt sikkert vil få mykje igjen av. Meir tid i faggruppene vil lette eit slikt arbeid… :-) Kanskje noko for heile skulen?

    Eg fekk ikkje til å leggje adressene som hyperkoplingar her i kommentarfeltet... Kanskje du/ andre kan fortelje meg korleis eg gjer det?

    SvarSlett
  3. Takk for tips om vurdering.
    Eg trur at faggruppene må arbeide med dette og at vi må setje av tid. Det blir gjort mykje godt arbeid med av mange no - slik at vi kanskje kan få bruke dei erfaringane andre har gjort seg.Vonar at vi kan få eit felles utgangpunkt på lærarstemne i Sogndal.

    Eg fekk heller ikkje til å leggje inn hyperkoplingar - har sett Magne på saka :)

    SvarSlett
  4. Takk for hjelpa til begge to!

    Eg sit og rettar norskinnleveringar no, og det er som alltid elevar som ikkje har levert. Mindre å rette, men korleis skal det påverke vurderinga av eleven sin karakter i faget? Kan eg setje 1 som karakter på ikkje levert arbeid? Nok å ta tak i innanfor vurdering Kristian;-)

    SvarSlett